Kva skjer?

Lågterskelcupen vert arrangert ein gong i månaden gjennom vår- og haustsemesteret. Dette er, som navnet tilseier, ein uhøgtidleg konkurranse. Ein får eit scorecard kor ein kryssar av dei buldra ein klarer i løpet av økta. Kvart bulder gje eit poeng. Vi trekkjer premiar blant deltagarane etter kvar runde. Etter alle cup-rundane er gjennomført kårar...

Klatrepub & fjellsportkveld med Sigurd Felde

På klatrepuben 25.10 kjem den en erfarne klatraren og fjellføraren Sigurd Felde kjem til Førde. Med Hurrungane som ramme vil han fortelje om nye og gamle fjelleventyr og inspirere oss til å dra ut på våre eigne eventyr. Han vil fortelje om historia til klatringen i Hurrungane og om kva for ruter som finnst på dei ulike fjella.
Foredraget startar ca kl 2000. Det blir servering av husets napolitanske pizza og god drikke attåt. 
CC 50,- (gratis for vtk-medlemmer).

Kontaktinfo:

  • Adr: Vievegen 169, 6812 Førde
  • E-post: post@fordeklatresenter.no
  • Tlf: 92977030
  • Facebook
  • Instagram