Ingen krav om reservasjon. Bli så lenge du vil!


Ditt første besøk?

Alle må signere ansvarserklæring før ein klatrar hjå oss. 2 t kurset intro til buldring passar for deg som er ny.

Følg oss på sosiale medier

Følg oss på facebook/instagram, og få oppdateringar om det som skjer på senteret.

Siste nytt:

  • Siste brattkortkurs i 2024 vert holdt 16.12 . Meld deg på her
  • Bli med på BULDREMARATON til inntekt for Røde kors 29.11!
  • Barselbuldring startar 02.09. Kvar måndag frå 1030-1300 kan mødre/fedre i permisjon ta ei økt på senteret saman med andre i foreldre. Kjøper du lunsj, spanderer vi kaffien!
  • Brattkortkurs 26.10. Påmelding her
  • Introduksjonskurs buldring 2024. Info og påmelding her

Klatring for alle!

Førde Klatresenter tilbyr innandørs buldring (klatring på låge veggar over tjukkas) og tauklatring på alle nivå. Her fokuserer vi på bevegelsesglede, og at alle skal finne passande utfordringar og oppleve meistring. Om du er på jakt etter ei treningsform som er så motiverande at ein gjer det fordi det er gøy, har du kome til rett stad! 

Senteret er på heile 900kvm, med massevis av buldreareal, vegg for tauklatring, treningsrom, barnerom, klatrebutikk og koselig kafèområde.


Nybyrjar?

Om du aldri har klatra før er det inga hindring! Les meir om dei ulike klatreformene her. Det enklaste er å komme i gang med er buldring (lav klatring over tjukkas).

Det krevst ingen forkunnskap eller kurs for å prøve seg i buldreveggen vår, og vi har passande utfordringar for deg, uansett nivå. Om du verkeleg vil opp i høgda kan du leige sele og teste autobelay (automatiske sikringsmaskiner).

Ønskjer du å kick-starte klatrekarriera og få gode tips og innføring i klatreteknikk, arranger vi 2-timers introduksjonskurs i buldring med jamne mellomrom. Klatresko kan du leige for ei økt, så det er berre å stikke innom!

Erfarne klatrarar

Meir erfarne klatrere vil setje pris på at vi har høgt fokus på ruteskruing, med hyppig utskifting av bulder. 

Vi brukar Vertical Life, ein app der du kan logge buldra dine, stemme på grad og kvalitet, sjå kva som har kome av nye bulder osv.

I tillegg har vi treningsveggen Kilter board i 2. etasje, samt velutstyrt treningsrom for sunn grunntrening. 

For born


Vi har tilrettelagde areal for born, med klatreleik i fokus. På senteret vårt kan ein også få ei bursdagsfeiring utanom det vanlege.

Vi har barne- og ungdomsgrupper med instruktørar, som går over 10 veker både haust- og vårsemesteret. Det er også eigne bulder for litt eldre born (juniorbulder), og vi har autobelayvegg for born (klatring med sele og automatisk sikring).

Tauklatring

Har du Brattkort kan du klatre i tauveggen vår, og for dei som ønskjer å lære arrangerer vi sjølvsagt kurs for dette også!

Kafé & butikk

I kaféen vår kan du nyte god kaffi og ferske bakevarer, og ha ei hyggjeleg stund med familie/venner.
I butikken har vi det du treng av klatreutstyr og bekledning.

Kom og prøv!

Vi har ope alle dagar og står klare til å ta imot deg uansett om du er erfaren eller vil prøve for første gang.

 Opningstider:

  • Mån-torsd: 09-22
  • Fredag:12-20
  • Laurdag: 10-18
  • Søndag: 10-20

Kontaktinfo: