
Faste aktiviteter
Yoga
Vi har yoga på senteret kvar onsdag frå 20:00-21:00. Dette er lågterskel yogatimar der du trenar både bevegelegheit og styrke, under kyndig vegleiing av instruktøren vår.

Buldring med baby
Bli med på buldring med baby! Kvar måndag frå 10:00-14:00 kan mødre/fedre i permisjon ta ei økt på senteret saman med andre foreldre. Kjøper du lunsj, spanderer vi kaffien!
Damebuldring
Kvar onsdag frå 18:00-20:00 har vi damebuldring på senteret. Dette er ei lågterskel buldreøkt åpen for alle nivå. Klatresenteret stiller med instruktør.

